Den 17. VIKESPRINTEN 1. mai 2011
Klikk for stort bilde av Anne Kristin Garsrud (Vaulen OK) og Arne Kristian Espedal (Stavanger OK)90 løparar deltok

(1.5.2011 SteinarS)  For andre dag på rad stilte Vikebuar opp på dugnad med idretts-arrangement i bygda.  Vinnarar vart kåra i fleire klassar, der deltakarane kom frå heile Rogaland. 

Jaktstart med handikapp
Av dei 90 løparane deltok 70 i felles jaktstart klokka 13:00.  Vandre-trofea, rosemåla treskål med inskripsjon av tidlegare vinnarar, gjekk i år til Anne Kristin Garsrud (Vaulen OK;33:11) og Arne Kristian Espedal (Stavanger OK;34:34), som vinnarane av jaktstarten. Her starta løparane med "handikapp" basert på aldersgruppe, slik at starten var til ulike tider, mens først i mål vart vinnar uansett klasse.

Eit publikumsvenleg løp
Til tross for av Vikebygd IL baud inn til et tradisjonsrikt og publikumsvenleg Harald Steinsland, Vikebygdorienteringsløp 1. mai, var det lite tilskodarar utover dei som deltok og familiemedlemer. Men løpet hadde løyper både for dei yngste og dei meir erfarne idrettsfolka. Vikebuane fann vi helst som dugnadsfolk i kiosk og ved organisering av løpa.  Fleire av desse hadde Kjetil Skartland på veg i kort løype.sprunge andre løyper tidlegare på dagen. 

I fellesstarten var Harald Steinsland einaste Vikebu som sprang for Vikebygd O-gruppe.  Han fekk tida 50:34 på den 4,2 km lange terrengløypa. Per Øyvind Valen (33:43), som spring for H.I.L kom inn på ein 10. plass av menn.  

Vinnar i Open klasse (kort løype) vart Kjetil Skartland (33:51).  Dei starta sist.  På topp av nybyrjarar som starta tidleg på dagen, finn vi søstrene Tonje Hausberg Bjerga (19:31) og Line Hausberg Bjerga (16:30). 
Resultatlister:

Les også om arrangementet 2011 på O-gruppa sin web, 
eller om løpa i 2010 og 2009 her
info